tirsdag 21. november 2017

Blestring/jernframstilling og smiing med studentar frå UiB


No har det blitt tradisjon.

Eit knippe eldsjeler frå Bjørgvin Handverkslag, meg sjølv inkludert, held blestringskurs og smidag for arkeologistudentar ved Universitetet i Bergen. Ein kjekk og intens dag for alle involverte.

Vi byrja dagen kl 0800 med å fyre opp smia og setje opp blesterovnen; grave hòl til slagg, lage fundament for ovn, få ovn på plass, flikke litt på småsprekker, feste belgplata (som Stein laga i gooood tid før) og setje opp blåsebelg lånt frå Askøy Vikinglag.
Studentane blei satt til å montere belg medan vi begynte å varme ovnen sakte opp.


Tormod og Stein gjør klar fundament for ovn

Ovnen treng som regel litt flikking. Her er mykje av den gamle
belgplata framleis på plass. Den tas av.



Stein formidler og forklarar prosessen, hisoriske funn som kan koblast til jernframstilling og forteller litt om Handverkslaget.

God fyr i blesteret

Etter å ha lagt i 8 kg myrmalm er det på tide å åpne

Stein, Siri og eg tar ut luppen med jern

Luppen komprimerast forsiktig på ein brei stubbe

Stein betraktar 1,2 kg jern
Vi er veldig nøgd med dagen og avviklinga av både smiing og blestring. Studentane var med meg i smia på tur der dei fekk prøve seg på å smi S-krokar. Ei god begynnar-øving. Dei fleste fekk med seg ein ferdig krok heim og gjekk smilande derifrå.

Ein flott tradisjon som vi ser fram til å fortsetje med.






S-krokar i jern


Ohoi!

Av diverse årsakar har det blitt lite smiing i det siste. Så for å komme igang igjen har eg begynt å gjøre meg klar for neste års marknadsesong.
Det første som står på agendaen er brukarvennlege S-krokar. Slike går det ein god del av, så eg smir så mange eg kan dei to dagane eg kan smi den her uka. Uvisst enno kor mange det blir, men satser på å havne oppunder 30.

Tok eit par bilder i går:





Om ikkje bildene er nok livestream'a eg på FB :
https://www.facebook.com/historisk/videos/500173860346202/

Framgangsmåte:
-Hamre ut eine enden til ein jevnt avsmalande spiss
-Lag ein liten krøll/snurr
-Lag ein smekker U-bøy
-Varm opp hi sida og repeter

Tadaaaaaa!