torsdag 13. oktober 2016

INNLEGG #100! Smidd brus/øl-åpner


Første Give Away! 



(Dette er innlegg nr 100 av alle eg har laga, dvs eg har eit par utkast som ikkje er publisert enno, men det får no være.)


Slik blei ein tirsdag i smia brukt, og no er det på tide å vise litt takksemd til dykk som spør oppriktig interesserte spørsmål om kva eg lagar for tida og korleis det går. Så ein av desse går ut til ein superduper-ultraheldig vinner.


Åpnaren er testa og godkjent av eit særs kritisk testpanel beståande av undertegnande og svigerbror.
Det å åpne eigenprodusert øl med eigenprodusert åpner.... #denkjensla .

OK! Vi må ha nokre reglar!

-Skriv ein trivelig kommentar (eller bare 'ja takk') nedst på sida her og du er med i trekninga
-Det blir trekt EIN vinnar av ein slik åpner
-Vinnaren blir trekt 1.november
-Sender kun til Norge for denne Give Away'en
-Det blir god gammaldags loddtrekning frå hatt, så ikkje noko sånn ''nr 54 får premien''-greier.
-Hugs å oppgje mailadresse slik at ein kan få tak i kor pakken skal sendast!
-Vinner blir annonsert her og kontakta 1.nov.


Lykke til!

Då har vi trukke ein vinnar frå flosshatten! 
Gratulerar Eddie Jacobseeeeeeen! 


onsdag 12. oktober 2016

Ei bjørkeskei, med litt slik pene former

Ein må jo ta i bruk det ein har tilgjengeleg, så no har eg no hatt den her bjørkebiten liggjande ute sidan Hansadagane i Bergen, og tenkte at no kan være eit godt tidspunkt for å spikke litt på den.
Det viste seg at den godt kunne ha lagt lengre, men eg fekk no fram noko av fargeforskjellen som kjem ved surning.


Neste skei med den her forma skal ha litt nedoverbøy på skaftet




Eg skulle gjerne sett meir fargeforskjell og liv i treet, men no er ikkje skeia olja enno, så kanskje det dukker opp etter den er ferdig tørka og olja. Vi venter spent.

Og FORRESTEN! Neste innlegg er nummer 100, og det skal feirast. Legg igjen ein kommentar på NESTE INNLEGG og vær med i trekninga på ein Give Away! På norsk betyr det at EIN heldig person Loddtrekning frå hatt) får ein ting. Ein ting som eg har laga. Som blir vist i neste innlegg.



Eksperimentering med former på spiseskei


Eg bestemte meg for å prøve korleis hassel ville fungere til skeier (fordi eg hadde litt igjen frå eit tidlegare prosjekt). Det viste seg å sjå knallbra ut, sidan der er veldig definert og mørk kjerneved i treet. Slike blir det fleire av!



Nr 1 i hassel








Nr 2 i hassel



1 til høgre, 2 til venstre