fredag 28. november 2014

Laminert knivblad (jernalder), 100 x 5mm

Prøvde ut ny framgangsmåte.

Eg hamra ut tangen til slutt.

Først laminering, så forme bladet og så tangen.

Vanlegvis lagar eg tangen før bladet.

Men dette fungerte bra òg.

Slipt litt, herding gjenstår.









onsdag 19. november 2014

Laminerte knivblad, øving.

Jadda, då var mesteparten av julegåvane unnagjort, og eg fekk endeleg tid til å øve på laminering.

Som tidlegare nevnt er det ikkje alltid like lett å ta bilder undervegs, men eg legg ut det eg har. Kanskje til og med med forklarande tekst.



Dette knivbladet var/er eg særs nøgd med.

Tjukkelse og form var/er nett sånn eg ville.

Men lamineringa var ikkje god nok i spissen, så ein bit knakk av.
Det nederste knivbladet (det krumme) må eg jobbe litt meir med. Eg må hamre til ny spiss og ta prosessen ein gong til. -Normalisere - file - herde - anløpe - slipe.


Fleire bilder av desse to knivblada vil komme. Dei skal anløpast, filast, slipast og få på skaft og fiksast slire til. Skal prøve å få dokumentert kvart steg.


Liten laminert slirekniv

Eg må øve mykje meir på essesveis/smisveis. Idag gjorde eg nett det, og resultatet blei nokså OK, om eg får si det sjølv.
Utfordringa er å få sveisinga til å sitje skikkelig ved å ha rett temperatur bl.a.
I tillegg bør tangen være fin og lett å jobbe inn i eit skaft.

Vanskelig å ta bilder undervegs, men eg gjorde no eit forsøk.

Kjapt bilde av lamineringsprosess.






Bladet er ca 6,5 cm langt og 0,7 cm tjukt i overgang til tange.

onsdag 5. november 2014

Gåver til jôl 2014.

Jadda, då er november her.
Jula er i anmarsj, som butikkane i all si ekstase har minna oss på no i 2 mnd allereie. Eg har bestemt meg for å lage så mykje som mogleg sjølv, og kjøpe minst mogleg. Ein grunn til dette er at eg hatar å shoppe, ein anna grunn er at eg liker godt å lage ting. + og + blir +, og sånn. Alt i alt er det eit enkelt valg.

MEN sida det no er såppass mange som er innpå her og kiker og les, kan eg ikkje leggje ut bilder av noko av dette. I alle fall ikkje enno.
I tillegg tenker eg det etter nyttår kan nyttast som eit slags "bytteforum". (F.eks om Knollesen (som bor i Tromsø) fekk 2 flasker mjød, men er innpå her i romjula og ser at Tottesen (Oslo) fekk ein lysestake i jern, som hadde sett heilt henrivande ut på stuebordet hans, kan han kontakte Tottesen og gjøre ein deal. Evt høyre om eg kan lage ein henrivande lysestake til han òg, så han slepp å sitje i myrkna å drikke mjød. Eller setje lyset rett på bordet, som vi andre ville gjort. Knollesen er ikkje nødvendigvis den skarpaste, mest praktiske kniven i skuffa. Han er kanskje ein kniv som er meir som brev-opnar å rekne. Praktisk til å opne brev, men ikkje stort anna. Og strengt tatt treng ingen noko brev-opnar. Spør du meg.)

Ref.
meg


Vær så god: sånn for syns skuld. Mmmmmm