fredag 24. januar 2014

Tommelring, jern


Jau.
Forrige tirsdag vart brukt til ein del filing på kniven i tidlegare innlegg (bilde lagt ut), og på den her saken. Den er for liten for meg foreløpig, men det ordnast kjapt. Veldig tilgivande materiale, det her stålet.








 Som sagt, den er foreløpig for liten til meg, får den akkurat på lillefingeren.
Blir beire når eg får gjort den litt større, sida dei to snurrane då vil bli komme tettare, som igjen vil se beire ut.


tirsdag 14. januar 2014

Handsmidd knivblad. Heilstål.

 Prosjekt nummer to, Tirsdag 14.januar.

Eg fann ei gammal øydelagd fil her for ei stund sida, og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere med ho.. Men det demra no heilt brått, og så blei det som det blei.

(Igjen; eg får ikkje snudd bileta, så "piffpaff, eselfjes", som dei seier på sjøen.)





Sliping, herding og anløping gjenstår.
No er ikkje knivbladet herda og anløpt. Det vart det ikkje tid til på kvisten, men eg normaliserte og svartbrann med linolje for å sjå kor svart eg kunne få det. Eg fekk det heilt kòlsvart, så eg har trua på at det her blir bra.
Må svartbrenne opp att etter herding, men no veit eg i alle fall meir om det enn eg gjorde i går.




Smidde hengslar til kiste.

Eg fekk ein formiddag i smia idag, i tillegg til møte med handverkslaget på kvelden.
Kvelden vart ikkje ofseleg produktiv, men det er ikkje alltid det viktigaste.

Her er første prosjekt frå formiddagsøkta.

(Eg får ikkje til å snu bildene, så her er ein mulighet til å strekke litt på nakken.)

Måtte smelte snø for å kunne kjøle.




Det gjenstår berre å meisle hol til nagler.

No har eg laga eit par par par par til av slike hengslar. Det vil sei at eg veit meir om korleis form og funksjon skal gå ihop. Gode ting. Det blir bra neste gong. Oppdatering kjem.