fredag 1. desember 2017

Turkoppar til ei kvar anledning

Det var på tide å ta eit steg vidare frå å spikke skeier. Folk treng jo turkopp!

Det er tungt arbeid å gjøre for hand, men givande er det. Eg har brukt sag til å kutte stokken opp i nokonlunde handterlige bitar, ellers er alt gjort med øks og kniv.

Eg valgte å bruke gråor som oksiderar i møte med luft. Då blir det ein flott, varm oransjfarge.












Bilder av dei ferdige koppane kjem. Må huske at det snart er jul, og enkelte av koppane er tenkt å være julegåver, så kan ikkje leggje ut bilder enno.







tirsdag 21. november 2017

Blestring/jernframstilling og smiing med studentar frå UiB


No har det blitt tradisjon.

Eit knippe eldsjeler frå Bjørgvin Handverkslag, meg sjølv inkludert, held blestringskurs og smidag for arkeologistudentar ved Universitetet i Bergen. Ein kjekk og intens dag for alle involverte.

Vi byrja dagen kl 0800 med å fyre opp smia og setje opp blesterovnen; grave hòl til slagg, lage fundament for ovn, få ovn på plass, flikke litt på småsprekker, feste belgplata (som Stein laga i gooood tid før) og setje opp blåsebelg lånt frå Askøy Vikinglag.
Studentane blei satt til å montere belg medan vi begynte å varme ovnen sakte opp.


Tormod og Stein gjør klar fundament for ovn

Ovnen treng som regel litt flikking. Her er mykje av den gamle
belgplata framleis på plass. Den tas av.



Stein formidler og forklarar prosessen, hisoriske funn som kan koblast til jernframstilling og forteller litt om Handverkslaget.

God fyr i blesteret

Etter å ha lagt i 8 kg myrmalm er det på tide å åpne

Stein, Siri og eg tar ut luppen med jern

Luppen komprimerast forsiktig på ein brei stubbe

Stein betraktar 1,2 kg jern
Vi er veldig nøgd med dagen og avviklinga av både smiing og blestring. Studentane var med meg i smia på tur der dei fekk prøve seg på å smi S-krokar. Ei god begynnar-øving. Dei fleste fekk med seg ein ferdig krok heim og gjekk smilande derifrå.

Ein flott tradisjon som vi ser fram til å fortsetje med.






S-krokar i jern


Ohoi!

Av diverse årsakar har det blitt lite smiing i det siste. Så for å komme igang igjen har eg begynt å gjøre meg klar for neste års marknadsesong.
Det første som står på agendaen er brukarvennlege S-krokar. Slike går det ein god del av, så eg smir så mange eg kan dei to dagane eg kan smi den her uka. Uvisst enno kor mange det blir, men satser på å havne oppunder 30.

Tok eit par bilder i går:





Om ikkje bildene er nok livestream'a eg på FB :
https://www.facebook.com/historisk/videos/500173860346202/

Framgangsmåte:
-Hamre ut eine enden til ein jevnt avsmalande spiss
-Lag ein liten krøll/snurr
-Lag ein smekker U-bøy
-Varm opp hi sida og repeter

Tadaaaaaa!







torsdag 3. august 2017

Sommerferie-oppdatering!

Ohoi!
Lenge sida sist!

Her er eit par bilder frå ferien, litt sånn og litt slik. Kjempeferie med litt handverk og mykje fri.


Lydbok og spikking. M m mmm

Njardarheimr i Gudvangen


Enkelte har Wunderbaum, andre ikkje


Skei spikka rundt bålet i Njardarheimr

Hytta i mi solnedgang

Ungen læra å sykle

Påkjørt hjort kollapsa på tunet hos
dei vi var husvakt, medan vi sat husvakt

Samnanger innfrir

Varme bikkjer på lett tur

Det blei tid til litt spikking. 

Skei til husfruen

Kaffescoop til husbonden

Vår kjære Fisken var sjølsagt med

Branco på hytta

Batalden- utsikt frå hytta

Den beste øksa. Alltid med.

Sandane - ungar på tur med bikkjer. Eller omvendt.

Hardangervidda med flokken









Familiefest på Radøy


Må ein skifte eit dekk, så må ein
skifte eit dekk



At long last. Klar for hjortejakta.